To nye leiarar tilsett i Bjørnafjorden brann og redning

Erik Walden blir leiar bederskap / varabrannsjef i Bjørnafjorden brann og redning. (Foto: Midtsiden)

Espen Storum blir leiar beredskap i Bjørnafjorden brann og redning. (Foto: Midtsiden)

Erik Walden er tilsett som leiar beredskap / varabrannsjef i Bjørnafjorden brann og redning. Han kjem frå stillinga som underbrannmeister og utrykningsleiar i Bergen brannvesen. Walden tiltrer etter avtale med brannsjefen.

Espen Storum har takka ja til stillinga som leiar førebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning, og tiltrer stillinga etter ferien.

I juni blei det klart at Eivind Hovden blir brannsjef i Bjørnafjorden. Hovden startar i jobben i løpet av august. Formelt er han tilsett som brannsjef i Os kommune, før han blir brannsjef i Bjørnafjorden kommune frå nyttår.

– Vi er glade for å ha Erik og Espen med på laget, for at heile leiartrioen i Bjørnafjorden brann og redning er på plass. Det er positivt å ha fullført denne tilsetjingsprosessen før ferien. No kan vi løfte blikket og sjå framover, seier Nils-Petter Borge, framtidig ass. rådmann i Bjørnafjorden kommune.