Trine Lindborg (Ap) blir ordførar og Harald Lekven (Sp) varaordførar i Bjørnafjorden kommune

Trine Lindborg (Ap) blir historias første ordførar i Bjørnafjorden kommune. (Foto: Arbeidarpartiet)

Fem av dei sju partia som fekk plass i Bjørnafjorden kommunestyre etter valet 9. september, er einige om at den nye kommunen skal styrast av Arbeidarpartiet (8 mandat), Senterpartiet (5 mandat), Miljøpartiet Dei Grøne (3 mandat), SV (1 mandat) og KrF (1 mandat).

Trine Lindborg (54) frå Arbeidarpartiet blir ordførar, medan Harald Lekven (62) frå Senterpartiet blir varaordførar.

Lindborg jobbar i dag i Equinor, medan Lekven er pensjonert politimann med deltidsjobb for Haakonsvern i Ulven leir.

Kommunestyret i Bjørnafjorden konstituerer seg 29. oktober 2019.

Harald Lekven (Sp) blir historias første varaordførar i Bjørnafjorden kommune. (Foto: Os og Fusaposten)