Vil du vere valmedarbeidar?

Historisk val

1. januar 2020 slår Fusa og Os seg saman til Bjørnafjorden kommune. Ved valet 9. september skal det veljast representantar til kommunestyret i den nye kommunen, og til Vestland fylke.

Valkrinsar 

Bjørnafjorden kommune har desse valkrinsane frå og med kommune- og fylkestingsvalet 2019:
Eikelandsosen, Fusa, Hålandsdal, Lysekloster, Nore Fusa, Nore Neset, Os nord, Os sentrum, Strandvik, Søfteland, Søre Fusa og Søre Neset. Vi treng fleire valmedarbeidarar i nokre av krinsane.

Kva gjer ein valmedarbeidar?

Valmedarbeidarane skal bidra til å sikre at valet går rett for seg. Dei rettleier veljarane, og tek imot stemmer. I kvart vallokale skal det vere valmedarbeidarar som tek imot dei som skal stemme, og m.a. minner om legitimasjonsplikta og gjer merksam på at det er to val, både til kommunestyre og fylkesting. Andre valmedarbeidarar har ansvar for å ordne køen og sørge for at det ikkje dannar seg kø på stader kor det er fare for at gjennomføringa av valet blir forstyrra, eller at valhandlinga ikkje blir hemmeleg.​ Ved kryssebordet er det to valmedarbeidarar med ulike oppgåver. Dei skal m.a. finne veljaren i manntalet, skanne strekkoden på valkortet, sjekke at legitimasjon stemmer og​ registrere røysta elektronisk når setelen blir lagt i urna.​

Kven kan vere valmedarbeidar?

For å vere valmedarbeidar må du ha fylt 18 år, og vere ansvarleg og sørvisinnstilt.
Valmedarbeidarar kan ikkje stå på ei valliste til kommune- eller fylkesval.

Obligatorisk opplæring

Alle som skal vere valmedarbeidarar må delta på ei tretimars opplæringsøkt. Det blir gitt opplæring i Os 12. og 13. august og i Fusa 15. august, alle kveldar kl 18-21.

Vil du òg vere valmedarbeidar ved det historiske valet til Bjørnafjorden kommune?

Registrer deg her

Vi tar kontakt med deg dersom vi har ledige plassar ved vallokalet/-a du ønskjer.