Velferdsteknologi i Bjørnafjorden kommune: – Eit aktivt og sjølvstendig liv så lenge som mogleg

Sjå for deg at du har begynnande Alzheimer og er veldig glad i å gå tur. Du blir lett forvirra og finn ikkje alltid vegen heim utan hjelp. Familien din er bekymra for kva som kan hende med deg, og vil ikkje at du skal legge ut på eiga hand. Difor blir du sittande meir og meir heime, utan å kunne gjere alt det som tidlegare ga dagane dine meining. Det er her velferdsteknologi kjem inn.

I staden for å måtte leve eit avgrensa liv heime, kan ein dings i lomma eller i skoa gjere det mogleg for deg å legge ut på tur, samstundes som dei pårørande veit kor du er. Velferdsteknologi er eit samleomgrep for alle tekniske løysingar og produkt som skal gjere det enklare for kvar enkelt av oss å klare oss sjølve, meistre eigen livssituasjon og kunne dela aktivt i samfunnet så lenge som mogleg.

Elektronisk medisineringsstøtte kan til dømes vere ein elektronisk dosett som sender varsel dersom han ikkje blir opna til gitte tidspunkt.

Sjølvstendig så lenge som mogleg

Tryggleiksalarm er eitt eksempel på velferdsteknologi som har eksistert lenge. Robotstøvsugarar eit anna. Kort sagt er velferdsteknologi alle innretningar som gir eldre som bur heime, pasientar på sjukeheim, pasientar innan rus og psykisk helse og personar med nedsett funksjonsevne moglegheit til å leve eit sjølvstendig og aktivt liv så lenge som mogleg.

Helsedirektoratet anbefaler
Velferdsteknologi er eit stort satsingsområde, både nasjonalt og lokalt for oss i Bjørnafjorden kommune. KS, Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet står bak Nasjonalt velferdsteknologiprogram, som har som mål å bidra til at fleire kommunar tar i bruk velferdsteknologi. Dei vurderer gevinstane ved bruk av slike løysingar i kommunane som så store at dei anbefaler kommunane å ta i bruk følgande løysingar:

  • Lokaliseringsteknologi (GPS): «Dingsen i skoen». Varslings- og lokaliseringsteknologi er særleg aktuelt som tilbod til personar med demenssjukdom i tidleg fase og annan kognitiv svikt.
  • Elektronisk medisineringsstøtte: Elektronisk dosett som sender varsel dersom dosetten ikkje blir opna til gitte tidspunkt.
  • Elektronisk dørlås (e-lås): Heimebaserte tenester kan enkelt og trygt låse seg inn og ut hos tenestemottakarane, i staden for å måtte bruke mange ulike nøklar.
  • Digitalt tilsyn: Eit alternativ til fysiske tilsyn i heimen, særleg for tenestemottakarar med behov for tilsyn om natta. Ved hjelp av eit kamera som går på til gitte tidspunkt eller situasjonar, kan heimebaserte tenester sjå til tenestemottakaren på ein diskret måte, utan å forstyrre nattesøvnen.
  • Oppgraderte sjukesignalanlegg/pasientvarslingsanlegg som gjer passiv varsling mogleg ved behov.
  • Logistikkløysingar som forbetrar og effektiviserer køyrerutene for heimebaserte tenester.
  • Digital tryggleiksalarm som standard i alle kommunar.
  • Responstenester: Helsedirektoratet anbefaler to modellar: Responssenterteneste a la «call center», slik mange av dagens profesjonelle aktørar driv tenesta eller direkte responsteneste, kor varsel blir styrt direkte til andre definerte roller i helse- og omsorgstenesta (heimebaserte tenester, sjukeheim, pårørande).

– Velferdsteknologi handlar ikkje berre om «dingsar». Det handlar vel så mykje om måten vi tenker tenester på, seier Tove Gyllow i prosjektgruppa for velferdsteknologi i Bjørnafjorden kommune.

Les meir om velferdsteknologi og anbefalingar til kommunane på Helsedirektoratet sine nettsider

Ein annan måte å tenke tenester på

Korleis ligg så Bjørnafjorden kommune an når det gjeld innføring av velferdsteknologi?

– Målet for prosjektet er å rigge Bjørnafjorden kommune til å kunne tilby velferdsteknologiske løysingar til innbyggarane. Vi følger anbefalingane frå Helsedirektoratet, men det betyr ikkje at vi kan tilby alt til alle med ein gong. Dette handlar vel så mykje om å endre måten vi tenker tenester på. seier vernepleiar på Kuhnletunet, Tove Gylløw, som er med i delprosjektet Velferdsteknologi i Bjørnafjorden kommune. Monica Melvold Totland er prosjektleiar. Dei andre prosjektdeltakarane er Åshild Øvrebotten, Silje Nes Mæland, Espen Haga og Reidun Eikeland frå Fusa kommune og Tone Borgen, Sam Arnesen, Hilde Hjelle, Kari Wågsæther og Guri Handeland frå Os kommune. Sjå Prosjektmandat velferdsteknologi

Utfordringar i framtida

I første omgang jobbar prosjektgruppa med å kartlegge tenestene og å kurse dei tilsette gjennom Velferdsteknologiens ABC – ei tverrfagleg opplæringspakke KS har utvikla i samarbeid med SINTEF og Høgskolen i Sørøst-Norge for dei tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Målet med opplæringa er å gi ei forståing for utfordringane vi står overfor, kvifor endringar bør skje no og kva for roller dei tilsette har i dei ulike fasane av endringsprosessane. Les meir om Velferdsteknologiens ABC her.

-Vi må jobbe aktivt for å vere i forkant av utviklinga innan smart omsorg. Ting skjer fort på denne fronten, tilbydarane og moglegheitene er mange, seier Monica Melvold Totland.
Framtidige Bjørnafjorden kommune har gått inn i eit innkjøpssamarbeid med ni andre kommunar i Hordaland for å stå sterkare når utstyr og tenester skal kjøpast inn.

Erstattar ikkje menneske

– Vi veit at dei aller fleste ønskjer å bu heime så lenge som mogleg. Ved å tilby smarte løysingar, kan folk føle seg trygge og sjølvstendige i heimen i fleire år enn dei ville gjort utan. Samstundes er det viktig å understreke at velferdsteknologi aldri vil erstatte menneskeleg kontakt – teknologien er eit supplement til «dei varme hendene», seier dei to.