Velferdsteknologi: Saman er vi sterkare og smartare

Velferdsteknologiprosjektet har valt leverandør etter ein grundig prosess – og valet fall på Atea.

Saman står vi sterkare – ikkje minst i store innkjøpsprosessar. Os og Fusa samarbeider med kommunane i Nordhordlands-regionen om val og innkjøp av velferdsteknologi. Samarbeidet har fått namnet Nordhordlandsprosjektet – saman om velferdsteknologi, og omfattar kommunane Austrheim, Austevoll, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy, Vaksdal – og Os og Fusa.

Frå venstre: Tove Gylløw, prosjektleiar for innføring av velferdsteknologi i Os/Bjørnafjorden kommune og Åshild Øvrebotten, prosjektleiar for velferdsteknologi i Fusa kommune.

– Å vere fleire kommunar i ein slik anbodsprosess er ein kjempefordel, både når det gjeld deling av kompetanse og av kostnader. Til dømes har Lindås kommune mange års erfaring med bruk av velferdsteknologi, og det er sjølvsagt eit stort pluss for oss andre å kunne hauste av deira erfaringar, seier prosjektleiar for velferdsteknologi i Os og Bjørnafjorden kommune, Tove Gylløw og Åshild Øvrebotten, prosjektleiar for velferdsteknologi i Fusa kommune.
Os og Fusa gjekk inn i Nordhordlandsprosjektet som to separate kommunar med kvar sine avtalar ut 2019, men har sjølvsagt samordna system og løysingar for å sikre lik praksis og likt tilbod på begge sider av Bjørnafjorden frå 2020.
– Deltakarkommunane har ulik storleik, demografi, geografi og lokale utfordringar. Sjølv om vi er med i ein felles anbodsprosess, har prosjektet tatt omsyn til at kommunane har behov for ulike løysingar. Å velje leverandør har vore eit omfattande og tidkrevjande arbeid. Dei to prosjektleiarane frå framtidige Bjørnafjorden kommune har sett seg grundig inn i dei tekniske løysingane i kvart tilbod.
– Det har vore mange og lange dagar i Nordhordland, men det har vore ein stor fordel at vi har vore så tett på prosessen, seier dei to.

Ikkje først og fremst teknologi

Døme på velferdsteknologi: Elektronisk medisindispenser som sender varsel om han ikkje bli opna til gitte tidspunkt.

Velferdsteknologi-prosjektet handlar ikkje først og fremst om teknologi. Sjølve teknologien, som alarmar og sensorar, utgjer berre 10-20 prosent av  arbeidet. Drift, implementering, vedlikehald og opplæring er heilt klart den mest ressurskrevjande delen i prosessen. Anbodet blei lagt ut i mai 2018, og 10 leverandørar leverte tilbod. Valet fall til slutt på Atea. Dei to framtidige bjørnafjordingane kjenner seg trygge på dette valet.
– Atea er ein erfaren leverandør, og vil stille med eit dedikert team som skal følge opp avtalen, seier Gylløw.

Les meir om leverandøren Atea og velferdsteknologi.

Nasjonalt samarbeid
Og meir er på trappene. Os og Fusa har nettopp blitt invitert inn i Nasjonalt velferdsteknologiprogram saman med dei andre Nordhordlandsprosjekt-deltakarane. Dette er eit samarbeid mellom KS, Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet som skal bidra til at fleire kommunar tar i bruk velferdsteknologi. 213 kommunar er med i programmet, og målsettinga er at velferdsteknologi skal vere implementert i desse kommunane innan 2020. Os og Fusa søkjer om økonomiske tilskot til innføring og opplæring innan velferdsteknologi.
Avtalen med Atea skal signerast 15. februar. Det første steget i Os vil vere å bytte ut dei eksisterande tryggleiksalarmane.
– Vi jobbar med ein implementeringsplan for dei neste stega, som mellom anna vil vere elektroniske medisindispensarar, ulike sensorar i samband med tryggleiksalarmen og lokaliseringsteknologi (GPS), fortel Gylløw.

Støtte til å leve eit aktivt og sjølvstendig liv
På Fusa-sida går dei snart i gang med å bytte ut pasientvarslingssystemet på Fusa bu- og behandlingsheim, slik at ein får på plass eit moderne og heilskapleg system med stille alarmar.
– Dette systemet vil gi dei tilsette betre og enklare oversikt når ein alarm går, seier prosjektleiar Øvrebotten. – Etter kvart vil vi òg tilby sensorar og alarmar av ulike slag, til dømes sensorar som varslar når ei dør blir opna eller når nokon forlèt senga og ikkje kjem tilbake innan eit visst tidsrom. Eg gler meg til å kunne tilby meir individuelt tilpassa tenester enn vi kan i dag. Det er jo sjølve målet med alt dette arbeidet – at vi ved hjelp av smarte løysingar kan gi kvar enkelt brukar støtte til å leve eit aktivt og sjølvstendig liv.