Velkomen til opning av «Teikn på Bjørnafjorden» 7. og 8. juni

I vår blei alle 6. klassingar i Fusa og Os kommunar inviterte til å teikne sine forslag til nytt kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune.Her kan du lese meir om konkurransen

Prosjektgruppa, som består av kulturleiar i Fusa kommune, Erik Vangsnes, kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen og Grete Byrkjeland frå kultureininga i Os kommune, fekk inn svært mange forslag til nytt kommunevåpen. Forslaga vil tene som inspirasjon for dei profesjonelle kunstnarane som skal formgi det endelege kommunevåpenet.Alle dei flotte forslaga blir no til ei utstilling i Fusa folkebibliotek og Os folkebibliotek.

Ordførar i Os, Marie Bruarøy står for den offisielle opninga av utstillinga i Os folkebibliotek, torsdag 7. juni klokka 12. Ordførar i Fusa, Atle Kvåle, opnar utstillinga i Fusa folkebibliotek fredag 8. juni kl. 9.

  • Alle skuleelevane som har delteke, er sjølvsagt spesielt inviterte.
  • Prosjektgruppa vil trekke ei vinnarklasse på kvar av opningane.
  • Alle forslaga vil òg vere å sjå i elektronisk utgåve på bjornafjordenkommune.no frå 7. juni.

Velkomen!