Velkommen til Skaparkraft i Eikelandsosen 17.-19. september 2019

Skaparkraft er namnet på tre dagar i innovasjonen sitt teikn i Gründerparken i Eiklandsosen.

Skaparkraft er eit initiativ frå Fusa Kraftlag. På denne måten ønskjer dei å støtte lokale initiativ i næringslivet i Bjørnafjorden. Fusa Kraftlag inviterer til i samarbeid med Bjørnafjorden Gründerpark og Bjørnafjorden Næringsråd.

Kva er Skaparkraft?

Skaparkraft er ein idéverkstad som varar frå tysdag 17. september til torsdag 19. september i Bjørnafjorden Gründerpark i Eikelandsosen.
Her kan du få utvikla ideen og prosjektet ditt – og få laga ein god presentasjon, saman med rettleiarar.
Torsdag 19. september avsluttar vi med konkurranse, der du kort presenterer prosjektet ditt for ein jury, og du kan vinne opptil 50.000,- for å få startkraft til prosjektet ditt.

Kven kan vere med?

Arrangørane ønskjer deltaking frå bedrifter og gründarar i både Os og Fusa. Alle som har ein idé dei tenker kan skape vekst og konkurransekraft kan delta i konkurransen om midlar frå Skaparkraft.
Du kan vere i ein oppstartsfase eller tilsett i ei etablert bedrift. Du har ein idé som kan gjere bedrifta di meir effektiv, meir berekraftig, han kan bidra til å få nye kundar eller til utvikling av nye produkt eller tenester.

Som deltakar definerer du sjølv kva du meiner skal til for å vidareutvikle prosjektet ditt. Du kan søkje om prosjektstøtte mellom 5.000 og 50.000 kroner. Tildeling kan også bli gitt som spesifikk konsulenthjelp.

Tid og stad

17., 18. og 19. september frå klokka 16.00

Konkurransen begynner kl 17.00 den 19. september. Stad: Bjørnefjorden Gründerpark i Eikelandsosen (2. høgda i Fjord’n Senter) Det blir enkel servering kvar kveld

Meld deg på i dag! Velkommen til Skaparkraft!