– Vi ligg godt an

Eitt år overstått, og eitt år står att før vi går inn i den nye kommunen. Prosjekteigar og rådmann for Bjørnafjorden kommune, Christian Fredrik Fotland, har lagt bak seg eit svært travelt år. Innimellom dei vanlege arbeidsoppgåvene til ein landsens rådmann har han stått på scena i Operaen og i tallause råd- og fylkeshus rundt om i landet og snakka om revolusjon.

Rådmann i Os og framtidig rådmann i Bjørnafjorden kommune, Christian Fredrik Fotland, vil at folk skal snakke om den nye kommunen med beundring. (Foto: Simen Soltvedt/Os kommune)

Digitalisering er kanskje det ordet eg har brukt mest i 2019, seier Fotland. – Men det er jo fordi digitaliseringa av tenester og tilbod fører til heilt fundamentale endringar i korleis vi driv ein kommune – og i korleis innbyggarane og brukarane brukar oss. Vi er inne i ein revolusjon! Og det er fantastisk moro og inspirerande at vi i Os og Bjørnafjorden kommune er heilt i tet når det gjeld å ta i bruk teknologi til beste for innbyggarane våre. Og vi får det til gjennom regionalt samarbeid. Det er både dumt og dyrt å prøve å løyse alt åleine. Det store velferdsteknologiprosjektet er eit godt eksempel. Her har Bjørnafjorden gått saman med andre kommunar i Nordhordlandsprosjektet for å stå sterkare saman. Det regionale digitaliseringsarbeidet er eit anna godt eksempel. Det skjer òg mykje positivt på næringssida. Ved å vere opne og nytenkande får vi til mykje meir enn vi hadde fått til åleine. Raskare går det òg. Vi får faktisk skryt frå Kommunenes sentralforbund (KS) for å vere ein av kommunane som ligg best an i løypa før samanslåinga, fortel Fotland.

Budsjettbølger i sikte
Over 300 tilsette i Os og Fusa kommunar er direkte involverte i arbeidet med kommunesamanslåing.
– Det er mange flinke folk i sving og eg er godt fornøgd med prosessen så langt. No er einingsleiarane på plass, med nokre få unntak. Prosessen med innplassering har gått ryddig og greitt for seg. Strukturen og framdrifta i prosjektarbeidet er bra. Vi jobbar systematisk med rutinar og prosedyrar. Eg føler meg trygg på at vi skal kome i hamn.
Ikkje utan bølgjer, sjølvsagt. Eg er optimist av natur, men med rådmannbrillene på må eg seie at eg er bekymra for økonomien i den nye kommunen. Det vil bli ei stor utfordring å få til budsjettbalanse. Vi har avgrensa med pengar. Vi skal oppretthalde aktivitetsnivået og levere endå betre kvalitet i tenestene, men det skjer ikkje gjennom store dei pengepottane. Vi må drive utvikling og innovasjon gjennom å finne nye og meir effektive måtar å jobbe på. Bjørnafjorden skal vere ein kommune som folk snakkar positivt om! Ja, gjerne med beundring!

Kraft og fart
1.mai 2019 er ein viktig milepæl i samanslåingsarbeidet. Då skal delprosjekta levere sluttrapportane sine, og vi går for alvor inn for landing (eller er det kanskje heller take-off?) for den nye kommunen. Budsjett og økonomiplan for Bjørnafjorden 2020 skal vere klar til hausten – og er ei anna storhending i det siste året før samanslåinga.

Er det så noko som har overraska prosjekteigaren i året som gjekk?
– Kanskje at det har gått bittelitt lettare enn eg venta? Det er kanskje farleg å seie, men det skuldast jo at det er flinke folk i sving overalt i organisasjonen. Samstundes veit eg at nokre kanskje snarare har blitt overraska over kor store arbeidsmengder og høgt arbeidspress samanslåinga fører med seg, og det har eg all respekt og forståing for.
2019 blir utruleg spennande. Eg gler meg, samstundes som eg kjenner på ansvaret. No gjeld det berre å syte for nok kraft og fart i organisasjonen, slik at Bjørnafjorden kan ta opp i seg det beste frå begge sider av fjorden, avsluttar Christian Fotland.