– Vi ser på Samfunnsutvikling på nytt

– Det har vore eit uroleg halvår for kommunalområdet Samfunnsutvikling. Mange og store endringar gjer at vi føler behov for å sjå på organiseringa innan området på nytt, fortel rådmann i Os og framtidige Bjørnafjorden kommune, Christian Fredrik Fotland.

Samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune omfattar einingane/avdelingane plan, byggesak, kart og oppmåling, prosjekt, næring, eigedom drift, samferdsel og VA, brann, kultur og landbruk.

Nytt blikk

– For å sikre at vi verkeleg ser både delane og heilskapen med nye auge, får vi hjelp frå konsulentbyrået TWI Consulting. Dei er alt i gang med det innleiande arbeidet, og har hatt møte med alle avdelingsleiarane på Samfunnsutvikling for å danne seg eit bilete og planlegge neste steg, seier Fotland.

Gjennom kartlegging og intervju med dei tilsette, skal konsulentane identifisere styrkar og svakheiter ved noverande organisering og beskrive alternative måtar å organisere området på. Prosessen skal føre fram til eit endeleg forslag til ny administrativ organisering av Samfunnsutvikling i midten av oktober.