– Vi skal vere der folk er

Prosjektrådmann for samanslåinga og framtidig rådmann i Bjørnafjorden kommune, Christian F. Fotland la fram framtidig organisering for Fellesnemnda 14. oktober. (Arkivfoto, Simen Soltvedt)

I punkt 4.2 i intensjonsavtalen for Bjørnafjorden kommune står det:
«Kommunesenteret i Bjørnefjorden kommune vert Osøyro. Kommunale arbeidsplassar skal fordelast mellom dei to kommunehusa og andre kommunale arbeidsstadar. Arbeidsplassar vert fordelte om lag som i dag. Eikelandsosen vert kommunedelsenter i Bjørnefjorden kommune, og skal styrkast ved fordeling av funksjonar. Det skal leggjast vekt på å byggje opp robuste og heilskaplege fagmiljø både i Eikelandsosen og Osøyro.»

Dette punktet har vore gjenstand for mykje debatt gjennom dei siste 18 månadane i Fellesnemnda. Spesielt Fusa-representantane har uttrykt uro for at dei fleste funksjonar og avdelingar skal vere styrte frå Os-sida, og slik tappe Eikelandsosen for kompetansearbeidsplassar. Rådmannen på si side meiner at Fusa-delen av den nye kommunen blir styrkt ved at funksjonar og avdelingar blir delte mellom Osøyro og Eikelandsosen. For kva er eigentleg eit robust og heilskapleg fagmiljø?

Bjørnafjorden kommune, postboks 24, 5649 Eikelandsosen

Postmottaket for den nye kommunen vil ligge i Eikelandsosen. Bjørnafjorden kommune vil ha postadresse Eikelandsosen, og besøksadresse Bjørnafjorden rådhus på Osøyro.

Dokumentsenteret i Bjørnafjorden kommune var tidlegare planlagt flytta i sin heilskap til kommunedelsenteret Eikelandsosen. Dokumentsenteret ville då ha vore den einaste heile avdelinga som  blei flytta i den nye kommunen.
Dette har rådmannen gått vekk frå, og opnar no for at det skal vere tilsette ved arkivet på begge sider av fjorden. Dette betyr at det i utgangspunktet ikkje vil bli oppretta nye eller flytta heile avdelingar til Fusa-delen av den nye kommunen, men at avdelingar og funksjonar innan stabstenestene vil vere delte mellom Os og Fusa. Unntaket er innkjøpsavdelinga, som berre held til i Os og beredskap, kor beredskapskoordinatoren held til i Fusa.

– Vi må vere der folk er

Fellesnemnda fekk ein gjennomgang av korleis og kor dei ulike einingane og tenestene i kommunen skal organiserast på det siste møtet for nemnda, 14. oktober.

– Eg forstår at politikarane er opptekne av dette. Samstundes vil eg at de lyfter blikket og ser litt fram i tid, sa rådmann Christian Fotland til Fellesnemnda.

Kartet viser om einingar, avdelingar eller funksjonar blir organiserte frå Os- eller Fusa-sida av Bjørnafjorden eller om dei vil vere delt mellom begge.

– Eg meiner at vi ikkje må sjå oss blinde på geografisk plassering. Det høyrer til ein tradisjonell silo-tankegang som moderne organisasjonar i stor grad er på veg vekk frå. Vi bygger denne kommunen for ei framtid der tenestetilbodet til innbyggarane vil bli forma mykje meir på tvers av dagens kommunalområde. Målet er å gi betre og meir effektive tenester til innbyggarane i heile kommunen. Då kan ikkje til dømes Byggesaksavdelinga berre halde til på Osøyro eller i Eikelandsosen. Vi må sjølvsagt ha byggesaksbehandlarar begge stader, som kan ta sakane der folk er, sa Fotland.

Felles leiing, rutinar og organisering

Prosjektrådmannen meiner at tenestene blir robuste og heilskaplege gjennom fleire tilsette under felles leiing, med felles rutinar og organisering, utan nødvendigvis å vere samlokaliserte på èi side av fjorden. Eitt døme på dette er personalavdelinga. I dagens Fusa kommune er tilsette med personalfunksjonar i stor grad spreidde ut på ulike einingar. I Bjørnafjorden vil det vere fem tilsette i personalavdelinga med arbeidsstad Eikelandsosen.

3 vs 33

– Det er dei tilsette i tenestene som sjølve har kome med framlegg om kva dei meiner er den beste måten å organisere tenestene sine på. Målet er betre kvalitet og tilgjenge i heile den nye kommunen. Sjå til dømes på pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). I dag er det tre tilsette i PPT i Fusa kommune. Desse tre skal dekke over eit enormt fagområde og krav til spesialistkompetanse. I Bjørnafjorden kommune vil det vere 33 tilsette. 33 tilsette med ulik, utfyllande kompetanse som alle kjem til å jobbe i felten på begge sider av fjorden. Dette gir i alle høgaste grad ei styring av tenesta i Eikelandsosen, og kjem til å kome barn og foreldre i heile Bjørnafjorden kommune til gode. I mine auge er nettopp dette eit utmerka eksempel på eit robust og heilskapleg fagmiljø,  sa Fotland til politikarane.

Her kan du lese heile saksframlegget til Fellesnemnda om organisering av Bjørnafjorden kommune.