– Vi skal vere gode vaksne for barna i Bjørnafjorden

 

Unge skodespelarar frå Nittedal teater framførte #hengdeg – eit stykke om nettmobbing for ei lydhøyr Oppvekst-forsamling i Oseana.

14. august var alle tilsette ved barnehagar, skular, PPT, førebyggande helsetenester, Meistringsteamet og barnevern i framtidige Bjørnafjorden kommune samla i Oseana for ein felles oppstart før skuleåret braka laus. Her fekk dei sjå framsyninga #hengdeg frå Nittedal teater som handlar om nettmobbing

850 tilsette frå barnehagar, skular, PPT, førebyggande helsetenester, Meistringsteamet og barnevern var samla til felles oppstart i Oseana, 14. august.

 

«Sosiale medier skaper avhengighet, tittermentalitet, ukritisk selvutlevering, og man kan anonymisere, redigere og glorifisere fremstillingen av sitt eget «jeg».
Isolerte bak hver sin skjerm, gjemt bak hver sin maske. Sitter vi ensomme og med et inntrykk av en uoppnåelig og perfeksjonert omverden en ikke makter, eller tør å ta del i.
#hengdeg har et nakent uttrykk, som baserer seg på et digitalt språk med virkningsfulle audiovisuelle kulisser, og blir for mange et sterkt møte med en brutal virkelighet»
skriv Nittedal teater om stykket.

Tilhøyrarane fekk òg Silje Marie Strangberg si sterke historie om mobbing og sjukdom – og kor viktig det er å ha eit språk for å uttrykke kjensler.

Dei 850 Oppvekst-tilsette fekk òg høyre Silje Marie Strangberg si sterke historie om mobbing og sjukdom, kor ingen vaksne greip inn. Ingen hadde lært Silje Marie å uttrykke kjensler og snakke om mobbinga. Konsekvensen av å undertrykke kjensler, uansett årsak, kan gi alvorlege konsekvensar. Silje Marie var lenge innlagt på psykiatrisk sjukehus, før ho fekk hjelp til å lære seg å setje ord på det ho hadde inni seg.

– Eg trur ingen gjekk heim utan spor frå det vi opplevde i Oseana denne dagen. Det er så viktig at vi som møter barn og unge kvar dag, er gode rollemodellar òg når det gjeld å snakke om kjensler – både gode og vonde. Det er ein treningssak, som så mykje anna. Vi skal vere gode vaksne for barna i Bjørnafjorden, seier fagsjef Skule i Bjørnafjorden kommune, Per Olav Sørås.