Vi søker 100 vise bjørnafjordingar

Kva verdiar og haldningar kjenneteiknar ein bjørnafjording? Det lurer Bjørnafjorden kommune og konsulentane i Oktan Bergen på. No treng vi di hjelp.
Vi vil intervjue opptil 100 osingar og fusingar i løpet av hausten. 

Kan vi få snakke med deg?
Send ein e-post til bjornafjorden@oktan.no.

Vi gler oss til å høyre frå deg!
Frå oppstartsmøtet for prosjektet tidlegare denne veka: (f.v.) Rådmann Christian F. Fotland (Os), ordførar Atle Kvåle (Fusa), prosjektleiar Therese Rygg (Oktan), ordførar Marie E.L. Bruarøy (Os), rådgivar Stine Karlsen (Oktan), rådgivar Conny Breivik (Oktan), næringssjef Daniel Skotheim (Os) og rådmann Nils-Petter Borge (Fusa). (Foto: Bjørnafjorden kommune)

Tysdag denne veka hadde representantar frå Bjørnafjorden kommune og Oktan Bergen oppstartsmøte i prosjektet som har fått namnet Profil og identitet i Bjørnafjorden kommune.

Oktan fekk i juni tildelt jobben med å utarbeide ein merkevareplattform, visjon, misjon, verdigrunnlag og «slagord» for den nye kommunen. I tillegg skal selskapet lage ein grafisk profil for Bjørnafjorden kommune.

– Det blei ein sjampanjelunsj på kontoret då vi fekk tilslaget på anbodet. Dette var ein jobb vi verkeleg hadde lyst på, men det er no han startar, seier prosjektleiar Therese Rygg frå Oktan.

Lagar samansett prosjektgruppe

Saman med ei prosjektgruppe sett saman av tilsette i dei to kommunane, politikarar, næringslivrepresentantar og innbyggarar i Os og Fusa, skal Oktan i løpet av dei komande vekene lære nye Bjørnafjorden kommune å kjenne.

– Det første vi skal gjere er å sette ned prosjektgruppa som skal hjelpe oss med å få innsikt. Denne gruppa vil bli sett saman i neste veke. Då kan det vera at osingar og fusingar får ein telefon frå ein av ordførarane Marie Bruarøy eller Atle Kvåle med spørsmål om å vere med.

Vil intervjue bjørnafjordingar

For å få eit godt innblikk i den nye kommunen, vil Oktan og prosjektgruppa intervjue opp mot hundre innbyggearar i Os og Fusa.

– Når prosjektgruppa er på plass i løpet av neste veke, vil ho, saman med oss frå Oktan, gjennomføre mellom femti og hundre intervju med ulike personar i Os og Fusa. Vi ønskjer å kome i kontakt med eit så breitt spekter av innbyggarane som mogleg. Om du er ung eller gamal, jobbar i det private næringsliv eller i det offentlege, heilt fersk innbyggar eller har budd her heile livet, mellom to jobbar eller driv for deg sjølv, spelar inga rolle. Vi vil snakke med deg, seier Rygg, som har oppretta ei e-postadresse bjornafjorden@oktan.no kor du kan sende ein e-post om du har lyst til å bli intervjua.

-Om riktig mange melder seg, så kan det vere at vi ikkje rekk over alle. Målet er å få ei så brei innsikt i kva verdiar og haldningar bjørnafjordingen står for som mogleg. Vi vil jo at dette skal bli ei merkevare som folk kan kjenne seg att i, avsluttar prosjektleiaren.

Kontaktpersonar:

Therese Rygg, prosjektleiar Oktan Bergen, therese.rygg@oktan.no,
tlf. 996 20 820

Daniel Skotheim, Næringssjef Os kommune, dask@os-ho.kommune.no,
tlf. 984 01 400