Vi søkjer kommunalsjef samfunnsutvikling og einingsleiar plan

Bjørnafjorden kommune lyser ut to spanande leiarstillingar, begge med søknadsfrist 20. august.

Kommunalsjef samfunnsutvikling

Vår nye kommunalsjef for samfunnsutvikling skal gjennom medarbeidarane sine legge til rette for  utvikling og infrastruktur på ein måte som gjer at kommunen kan skape attraktive tettstadar og livskraftige lokalsamfunn. Du vil ha ansvar for å levere heilskaplege og innovative tenester innanfor dei tekniske tenestene i kommunen: plan, byggesak, oppmåling, eigedomsdrift, vatn og avløp, samferdsel. I tillegg ligg kultureininga til samfunnsutviklingsområdet i Bjørnafjorden kommune. Les heile utlysinga og søk her

Einingsleiar plan

Bjørnafjorden kommune planlegg for stor folkevekst, og skal levere bærekraftige og gode tenester til innbyggarane. Som einingsleiar plan skal du vere med å sikre ein god balanse mellom vekst og utvikling og omsyn til natur, miljø og biologisk mangfald, og mellom enkeltindividet og fellesskapet sine interesser. Du skal vere pådrivar for bygging av ein felles kultur internt i planavdelinga, i tillegg til å bygge og bevare gode relasjonar til relevante fagmiljø internt og eksternt. Les heile utlysinga og søk her.