Vil du vere med i Bjørnafjorden ungdomsråd?

Interimsstyeret i Bjørnafjorden ungdomsråd  laga forslaget til vedtekter, som blei vedteke i kommunestyret. (Foto: Morten Holmefjord)

Det skal veljast representantar til Bjørnafjorden ungdomsråd for 2020-2021. Ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i den nye kommunen vel sine kandidatar til ei valliste. I tillegg skal det veljast medlemmer frå organisasjonar og frivillige ungdommar. Vil du vere ein av dei? Frist: 30. november.

Oppgåva til Bjørnafjorden ungdomsråd er å fremje ungdommen sine interesser og tale deira sak i kommunen.

Ungdomsrådet blir vald av kommunestyret i møte 17. desember 2019. Medlemmer og varamedlemmer skal veljast ut frå ei føreslått valliste. Rådet skal starte arbeidet sitt frå januar 2020. Møta er på dagtid, og det er møtegodtgjersle per møte.

Kven kan vere med i ungdomsrådet?

Ungdomsrådet skal ha ni medlemmer pluss varamedlemmer, som må vere i alderen 13-19 år. Du kan ikkje veljast inn etter at du har fylt 19 år.

Interimsstyret for Bjørnafjorden ungdomsråd laga forslag til vedtekter for det permanente rådet. Bjørnafjorden kommunestyre 19. november behanbdla og .

Her kan du sjå vedtektene for Bjørnafjorden ungdomsråd.

Her står dette om representasjon i ungdomsrådet:

  • Ungdomsskular og vidaregåande skular ved elevråda, ungdomsorganisasjonar og andre interesserte i målgruppa, vert inviterte til å koma med forslag til kandidatar til ei valliste.
  • Det må minst vera ei jente og ein gut frå kvar skule på vallista, med personleg vara av same kjønn. Det er ønskjeleg at alle ungdomsskular og vidaregåande skular i kommunen er representerte i ungdomsrådet. Ungdomsorganisasjonar vert bedne om å fremja forslag til faste medlemer med personlege vararepresentantar.
  • Ungdom som går på skule i Bjørnafjorden, men som er folkeregistrert buande i ein annan kommune, kan stilla til val i ungdomsrådet.
  • Det vert også opna for at andre interesserte i målgruppa kan melda seg som kandidatar til rådet.

Korleis melder du frå om at du er interessert?

Har du spørsmål? Eller har du bestemt deg for at du vil vera kandidat? Då kan du ringja, senda ein sms eller e-post til SLT-koordinatoren eller kultursjefen.

Kontakt ein av desse to:

  • SLT-koordinator Elin Tuft – mobil/sms 90810495, e-post: eltu@os-ho.kommune.no
  • kultursjef Erik Vangsnes – mobil/sms 47277146, e-post: erva@os-ho.kommune.no