Visste du at du kan stemme alt no?

Tidleg førehandsstemming er eit tilbod for å sikre at alle veljarar som ønskjer det, skal få avgi stemme. I komande Bjørnafjorden kommune kan du stemme i Kommunetunet i Eikelandsosen og i  Kommunetorget i Os rådhus.
Perioden for vanleg førehandsstemming er 12. august til 6. september, og sjølve valdagen er måndag 9. september.

Til kommunestyret for Bjørnafjorden kommune kan du alt no stemme på ferdige lister med namn på alle kandidatane. Vallistene med kandidatane til fylkestinget i Vestland er ikkje klare enno, du kan då stemme på generelle stemmesetlar (berre partinamn, ikkje personar).

Kvar veljar kan berre stemme ein gong. Dersom du vil stemme både ved kommunevalet og fylkestingsvalet, må du altså gjere det samstundes.

Hugs å ta med legitimasjon når du skal stemme. Veljarar som ikkje er kjende for røystemottakar, må vise gyldig legitimasjon. Gyldig legitimasjon er bankkort med bilete, posten sitt ID-kort, førarkort eller pass.

Godt val!