– Det er du som skal fortelje oss korleis vi skal vere

Berre for å klargjere: Når vi seier identitet for Bjørnafjorden kommune, meiner vi ein visuell identitet – altså korleis Bjørnafjorden kommune skal sjå ut og presentere seg sjølv i fargar, former og slagord. Vi har ikkje tenkt å fortelje deg- framtidige bjørnafjording – korleis du er eller skal vere.

Men vi håpar at måten Bjørnafjorden kommune framstår på vil vere noko du er fornøgd med, er litt stolt av – og ikkje minst kjenner deg att i. Dette er målet for delprosjektet Profil og identitet i Bjørnafjorden kommune.
Verdiar, haldningar, merkevarer, plattformar, profil, identitet, misjonar og visjonar. Det er mykje som kan verke noko svevande og uklart når vi snakkar om å lage ein identitet for Bjørnafjorden kommune. Samstundes skal dette arbeidet munne ut i noko ganske så konkret.

«Os inspirerer» er både merkeløftet (eller slagordet) og ein del av sjølve logoen til Os kommune.

Både Fusa og Os har godt innarbeidde visuelle identitetar. Fusa kommune har oppsummert sine kjerneverdiar i akronymet (første bokstav i alle orda) ROMSLEG.

Utsida og innsida
Vi kunne sjølvsagt ha valt nokre fargar som passar fint saman (blå og oransje) og laga eit klingande slagord («Bjørnafjorden er inspirerande romsleg»), og satsa på at det blei fint og gjenkjenneleg for alle. Men ville det ha vore Bjørnafjorden kommune? Nei.
Vi ønskjer at utsida skal reflektere det som finst på innsida i den nye kommunen. Difor skal prosjektgruppa for profil og identitet for Bjørnafjorden kommune snakke med 100 osingar og fusingar for å få deira syn og tankar om heimstaden. Alle desse intervjua vil danne grunnlaget når reklame- og designbyrået Oktan Bergen skal gi form, farge og ord til sjølve den visuelle identiteten for Bjørnafjorden kommune. I tillegg pågår det eit arbeid med å utforme det nye kommunevåpenet for Bjørnafjorden, som òg vil vere ein viktig og sentral del av den visuelle identiteten.

Prosjektgruppa er sett saman av folk frå Os og Fusa, og frå kultur, politikk, skule, frivillig sektor, næringsliv og kommuneadministrasjon.

Deltakarar i prosjektgruppa for Profil og identitet i Bjørnafjorden kommune:

  • Vegard Fosså, leiar Fusa ungdomsråd
  • Mathilde Sennesvik, elev Os gymnas
  • Tove Hille, leiar Os frivilligheitssentral
  • Fredrik Schmidt Fotland, gründer og Bjørnafjorden næringsråd
  • Morten Holmefjord, kunstnar og eks-visekonge av Fusa
  • Håvard Ragnhildstveit, rektor Fusa vidaregåande skule
  • Liv Grethe Skjelbreid, gründer og idrettsheltinnne
  • Andris Hamre, rådgivar i Os kommune
  • Marie Bruarøy, varaordførar i Os kommune
  • Atle Kvåle, ordførar i Fusa kommune
  • Ragnhild Stende Bjaadal, kommunikasjonsrådgivar i Os kommune

Prosjektgruppa skal gjennomføre og trekke ut hovudbodskapet frå 100 intervju innan midten av oktober i år. Deretter skal gruppa og Oktan saman finne sjølve essensen av den nye kommunen. Den endelege visuelle identiteten til Bjørnafjorden kommune skal vere klar i juni neste år.